Mungåt (frå norrønt mungát, av munr, 'glede' og gát, 'det ein får, føde') er ein svak øltype som tradisjonelt blei brygga på norske gardar. Det blei teke opp att av bryggjeri i nokre år før første verdskrigen.
I seinare tid har ordet også blitt omtydd til 'munngodt', det vil seie noko som er godt å eta eller drikka. Denne tydinga har vore mykje brukt på dansk.Mund-godt, Ordbog over det danske Sprog
Den opphavlege tydinga av mungåt ser ut til å ha vore ulike typar heimebryggja, innanlandsk øl. Det blir ofte omtalt som ein svak øltype eller lettøl.mungåt i Norsk Ordbok
I 2014 opna serveringsstaden Mungåt Ølbar i Egersund.Mungåt Ølbar , henta 27. oktober 2017.Søk etter mungåt ved dalane-tidende.no
Kjelder
Kategori:Øl Kategori:Ord frå norrønt