mini|Badshahimoskeen Badsjahimoskeen (panjabi og urdu بادشاەى مسجد, Badshahi Masjid, 'Keisarmoskeen”) er ein moské frå mogultida i Lahore i Pakistan. Moskeen blei bygd under stormogul Aurangzeb frå 1671 til 1673. Han ligg vest for Lahore festning, i utkanten av gamlebyen i Lahore. Han er eit viktig landemerke i byen.
Moskeen er bygd i utskoren raud sandstein med inkrustering av marmor. Han er eit viktig døme på mogularkitektur, og er ein av dei største frå perioden. Han er framleis den andre største moskeen i Pakistan. Etter at Lahore blei teken av Sikh-riket og seinare britane, blei moskeen brukt som militær garnison. Frå 1850-talet blei han tilbakeført til religiøs bruk.
Kjelder Denne artikkelen bygger på «Badshahi Mosque» frå , den 31. oktober 2017.
Kategori:Skipingar i 1673 Kategori:Moskear i Pakistan Kategori:Mogularkitektur Kategori:Lahore