Johannes Jeremias Nesse () var ein norsk pressemann frå Seim i Hordaland, redaktør i Aftenposten 1928-41 og 1945-48.

Nesse og ein kamerat frå Seim gjekk underoffiserskulen i Harstad i 1910-11. Åra 1914-17 studerte Nesse ved universitetet i Oslo. Frå 1917 arbeidde han i ti år som offiser i Intendanturen til Hæren. I 1921 byrja han i tillegg som han journalist i ulike Høgre-publikasjonar.

Frå 1928 var Nesse redaktør i Aftenposten til september 1941, då han og redaksjonssekretær Torolv Kandahl under den såkalla mjølkestreiken omgåande vart avsett og kasta i fengsel av okkupasjonsmakta. Etter frigjeringa var han tilbake på redaktørkrakken i Aftenposten. Han var elles formann i Norsk Presseforbund 1936-38.

Nesse gav ut fleire politiske skrifter.

Kjelder Norsk Allkunnebok. VIII. Bandet. 1958

Kategori:Norske redaktørar Kategori:Folk frå Lindås