Raytheon Company var eit stort amerikansk industriføretak i forsvarsbransjen. Hovudområda var utvikling og produksjon av forsvarsmateriell og sivil elektronikk. Fram til 2007 var dei involvert i flyproduksjon. Raytheon var den største produsenten i verda av styrte missil. I april 2020 slo selskapet seg saman med United Technologies Corporation til Raytheon Technologies.United Technologies and Raytheon Complete Merger of Equals Transaction - PR Newswire

Selskapet vart etablert i 1922 og vart eit aksjeselskap i 1928. Namnet Raytheon Companyvart teke i bruk i 1959. Selskapet hadde rundt 73 000 tilsette rundt i verda og årleg omsetnad på rundt USD 20 milliardar. Meir enn 90 % av omsetnaden kom frå forsvarskontraktar, og i 2007 var dei verdas femte største forsvarsføretak, og er fjerde størst i USA etter omsetnad (etter Lockheed Martin, Boeing og Northrop Grumman).

Hovudkvarteret til føretaket vart flytt frå Lexington i Massachusetts til Waltham i Massachusetts 27. oktober 2003. Det hadde òg hovudkvarteret sitt i Waltham mellom 1941 og 1961, før det flytta til Lexington.

Produkt mini|Raytheon-missil på messe

Missil Kjende missil frå selskapet: AGM-65 Maverick AGM-88 HARM AGM-129 ACM (Advanced Cruise Missile) AGM-154 Joint Standoff Weapon AIM-7 Sparrow AIM-9 Sidewinder AIM-120 AMRAAM BGM-109 Tomahawk MIM-23 Hawk MIM-104 Patriot RIM-7 Sea Sparrow RIM-162 ESSM

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Raytheon» frå , den 4. november 2017.

Kategori:Våpenprodusentar Kategori:Flyprodusentar Kategori:Missilprodusentar Kategori:Skipingar i 1922 Kategori:Nedleggingar i 2020