Kjerstin Andersen () er ein norsk tidlegare handballspelar frå Porsgrunn. Målvakta vann OL-sølv i 1988 og VM-bronse i 1986.
I yngre år spelte Andersen på Skiens Ballklubb. Etter ei tid melde ho overgang til Gjerpen IF, eit lag ho vart noregsmeister med i både 1985 og 1986.
Andersen debuterte på landslaget vinteren 1984. Då fyrstemålvakt Linn Siri Jensen vart skadd i opningskampen under Handball-VM 1986 stod Andersen fram med godt målvaktsspel og var ein viktig aktør då Noreg overraskande tok bronsemedaljen i meisterskapen i Nederland. To år seinare var ho sterkt delaktig då dei norske handballkvinnene vann sølv i Sommar-OL 1988 i Seoul. Andersen deltok også i VM 1990 då laget enda på sjetteplassen. Landslagstida hennar tok samstundes slutt etter 104 kampar.
Merittar VM 1986: Bronsemedalje etter 23–19 mot Aust-Tyskland OL 1988: Sølvmedalje etter 20–23 mot Sør-Korea VM 1990: Nr 6 med Noreg Noregsmeister: 1985 og 1986 med Gjerpen IF
Kjelder handball.no
Kategori:Norske handballspelarar Kategori:Olympiske sølvmedaljevinnarar for Noreg Kategori:Medaljevinnarar under sommar-OL 1988 Kategori:Norske deltakarar under sommar-OL 1988 Kategori:Handballspelarar under sommar-OL 1988 Kategori:Spelarar i Handball-VM 1986 for kvinner Kategori:Folk frå Porsgrunn