Augustinius Meldal Lossius () var ein norsk proprietær frå Hemne i dagens Sør-Trøndelag. Han var stortingsmann i 1818.

Lossius var son til ein proprietær. Han vart cand.jur. i København i 1813, der han 1810-14 var fullmektig i generalpostdirektoriatet og krigsassessor. Sidan flytta han heim til Noreg og vart i 1817 konstituert sorenskrivar i Nordmøre. I 1818 representerte han Romsdals amt på Stortinget der han var med i 10 komitear, mellom dei om turrfiskvraking, tukthus i Bodø, den lutherske kyrkja i London og om «overdaadighet». Han var òg med i Stortinget sitt sendelag til kryninga av Karl III. Johan i Stockholm.

Lossius vart tiltalt for å ha forandra ein attest vedlagd ein embetssøknad. Han vart frikjend av underretten, men dømd til bøter av overretten. I 1822 dømde Høgsteretten han til festningsarbeid, året etter omgjort til ein månads «simpel arrest». Sidan levde han som proprietær og landhandlar i Hemne.

Kjelder Lindstøl, Tallak: Stortinget og Statsraadet 1814-1914. Kristiania, 1914

Kategori:Stortingsrepresentantar 1818-1820 Kategori:Folk frå Hemne