Skjærtorsdag eller skirtorsdag er ein dag i den kristne påskeveka og feirar det siste måltidet Jesus hadde med disiplane sine før han blei krossfesta. Ordet kjem frå norrønt skíriþórsdagr som tyder reinsetorsdag (jf. skjær, 'rein)', som siktar til at Jesus vaska føtene til disiplane den kvelden då dei hadde det siste måltidet. Under dette måltidet innstifta Jesus den heilage nattverden.
Dagen blir markert siste torsdagen før påske. På messa i kyrkja minnest ein det siste måltidet ved at kyrkjelyden feirar nattverd. Skjærtorsdag er dagen før langfredag, og det kan bli markert ved at all pynt vert fjerna frå altaret ved slutten av gudstenesta. Lys, blomar, vasar og dukar blir borne bort slik at altaret framstår blottlagt til langfredagsgudstenesta.
Skjærtorsdagen er heilagdag i Noreg og Danmark.
Kategori:Torsdag Kategori:Påske Kategori:Kyrkjeåret