Michail Andrejevitj Suslov (, død 25. januar 1982) var ein sovjetisk kommunistisk politikar.

Biografi Suslov var fødd i nærleiken av Simbirsk, noverande Uljanovsk. Suslov vart medlem i Sovjetunionen sitt kommunistiske parti i 1921. I 1941 vart han medlem av partiet sin sentralkomite. Han var 1944-46 ein av leiarane i Litauen sitt kommunistparti. Frå 1947 til han døydde var Suslov sekretær i sentralkomiteen. Etter to år som redaktør for avisa Pravda var han åra 1952-53 og 1955-82 medlem av partiet sitt viktigaste organ, politbyrået. Frå cirka 1959 vart han rekna mellom partiet sine mest innflytelsesrike personar.

Han er gravlagd ved Kremlmuren, og er ein av berre tolv personar som har fått æra av å ha eit personleg gravmonument der.

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Mikhail Suslov» frå , den 1. februar 2016

Kategori:Fødde i 1902 Kategori:Døde i 1982 Kategori:Sovjetiske politikarar Kategori:Bolsjevikar