mini|Fjeldfarehytta er nesten umogleg å sjå berre på nokre hundre meters avstand. Ho kan skimtast som ein grå hyttevegg rett ved vassflata på motsett side av innsjøen. Operasjon Fieldfare er namnet på ein norsk sabotasjeaksjon leidd av fenrik Joachim Rønneberg i Tafjordfjella på Sunnmøre mot slutten av andre verdskrigen. Operasjonen var i regi av dei britiske spesialstyrkene Special Operations Executive (SOE).Årbok for Sunnmøre Historielag 2005 Henta 12.2.12. Målet med aksjonen var å rekognosera og førebu åtak på tyske forsyningslinjer i Romsdalen med Raumabanen. Stuguflåtbrua vart sprengt i januar 1945.
Rønneberg, Straumheim og Aarsæther vart i mars 1944 sloppe i fallskjerm og landa ved Veltdalen, 20 km lengre vest enn planlagt. Dei fann at ut Veltdalen var like gunstig som Tordsvatnet ved Sponga der dei opphavleg hadde planlagt å vera. Dei låg først i telt og deretter i ei hytte som tilhøyrde Tafjord Kraft. Fieldfare-hytta vart snikra saman av kassematerialar frå anlegget til kraftverket i Veltdalen. Dei vitja òg turisthyttene Reindalsseter, Puttbua og Friisbu. Fieldfare-hytta ligg ved ein bratt hammar berre nokon hundre meter frå Veltdalshytta. Vintermånadane var innetemperaturen sjeldan over null gradar. Fieldfare-hytta har Rønneberg vore med å rekonstruera for å gje eit bilete av korleis motstandsmennene budde under krigen.Fjellposten, Medlemsblad for ÅST, nr 1, 2010.
Dei andre deltakarane var Birger Straumheim og Olav Aarsæther.
Referansar
Denne artikkelen bygger på «Operasjon Fieldfare» frå , den 20. november 2017.
Litteratur Gunnar Myklebust: Tungtvasssabotøren, Aschehoug (2011) ISBN 978-82-03-29306-1
Bakgrunnsstoff Om Fieldfarehytta , frå nettstaden til Ålesund turistsamskipnad
Kategori:Noreg under andre verdskrigen Kategori:Operasjonar under andre verdskrigen