Lufjella (, gan Lu-san), tidlegare også kalla Kuanglu (匡庐) er ei gruppe fjell nord i Jiangxi-provinsen i sentrale Kina. Dei er kjende for naturvenleiken sin, ei rekkje buddhist- og taoist-tempel, og konfutsianske landemerke. Fjella dannar ein oval som er rundt 25 km lang og 10 km vid. Dei har elva Chang Jiang i nord og Poyangsjøen i aust. I nord ligg byen Jiujiang og i sør Nanchang.
mini|venstre|Hanpo-passet i Lu-fjella.
Lu-fjella er ein del av Lushan nasjonalpark, som blei oppført på UNESCO si liste over verdsarv i 1996. Det høgaste punktet er Hanyang-toppen (大汉阳峰) på 1 474 moh.
Fjella har ei viktig andeleg stilling i kinesisk kultur. Dei har alltid vore eit populært reisemål og er ofte nemnde i kinesisk litteratur. Forfattarar som har omtalt fjella er mellom anna Tao Yuanming, Bai Juyi, Su Dongpo og Mao Zedong.Göran Malmqvist, Den långa marschen: Maos 38 dikter (Wahlström & Widstrand, 1973), s. 80-82.
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Mount Lu» frå , og «Lushan (berg)» frå den 20. november 2017.
Kategori:Jiangxi Kategori:Fjell i Kina