Sandnes i Bygland er ei grend i Bygland kommune. Ho ligg på austsida av Åraksfjorden og sør for Åraksbø. I 1845 budde det 80 personar på Sandnes, i 2009 var 12 personar busette her, medan det i 2011 budde totalt 82 menneske i Åraksbø og på Sandnes.Rekneark med data frå nettstaden til Bygland kommune
I 1935 blei Sandnes kyrkje flytta frå staden til Åraksbø, der det budde meir folk. Hausten 1940 hadde dei sett opp Sandnes kapell til erstatning for kyrkja som blei flytta. Kapellet blei først vigsla i 1949.
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Sandnes (Bygland)» frå , den 22. november 2017. oppgav desse kjeldene: Vollen, Reidar: Bygland gard og ætt, band 6 2009 ISBN 978-82-993677-7-6, omtalt i Terje Gittmark Eriksen: Bitter kirkestrid. Artikkel i Fædrelandsvennen Kultur 26. november 2009 side 9.
Kategori:Busetnader i Bygland Kategori:Setesdal