Hans Johan Jensen () var ein norsk snikkar, småbrukar og stortingsmann for Arbeidarpartiet, fødd i Oslo og busett i Gol.

Jensen var son til ein «tømmermester» i Kristiania. I ungdomsåra gjekk han Treiders handelsskule og Den kongelege teikneskulen i heimbyen. Frå 1903 til 1909 var han i arbeid på Meråkerbanen, Bergensbanen og ved Noreanlegget. År 1909 kjøpte han garden Skogstad i Gol herad der han dreiv med snikring og hagebruk.

Jensen var heradsstyremedlem i Gol frå 1913 til 1940. Hausten 1927 vart han vald til å representere Buskerud og Arbeidarpartiet på Stortinget, han var då medlem i Tollkomiteen. Han lukkast ikkje verte attvald i 1930, men vart vald på ny i 1933 og sidan attvald i 1936. Frå 1934 hadde han alle sesjonane sete i Helsekomiteen.

Kjelder

Kategori:Stortingsrepresentantar for Buskerud Kategori:Stortingsrepresentantar frå Ap Kategori:Stortingsrepresentantar 1928-1930 Kategori:Stortingsrepresentantar 1934-1936 Kategori:Stortingsrepresentantar 1937-1945 Kategori:Lokalpolitikarar i Gol Kategori:Ap-politikarar i Buskerud Kategori:Folk frå Gol Kategori:Folk frå Oslo