Misje er ei øy og ein tettstad i Øygarden kommune, nord for Sotra i Vestland fylke. Tettstaden har . Misje er ei lita øy, 2 km lengd frå sør til nord og 1 km brei. Øya ligg 37 kilometer nord- vest for Bergen langs bilvegen. Geografisk sett er Misje den første øya i Øygarden.

Historie Fram til 1964 høyrde Misje med til den dåverande Herdla kommune. I 1964 vart Herdla kommune oppløyst og delt mellom fem kommunar. I lag med naboøya Turøyna gjekk Misje inn i Fjell kommune. I 2020 vart Fjell slegen saman med kommunane Sund og Øygarden til nye Øygarden kommune.

Tidlegare var det fiske i kombinasjon med jordbruk og dyrehald som var levevegen. På delar av 1900-talet gav ein sardinfabrikk arbeid til både born, menn og kvinner.

Misje fekk bru til Sotra i 1982, og rutebåten slutta å gå. Nærbutikken og postkontoret vart nedlagt. Misje har likevel eige postnummer: 5366 Misje. Misje har også brusamband til Toftøyna i nord, og gjennomgangstrafikken til Øygarden går difor over Misje.

På Misje var det barneskule, som er nå lagt ned. Skulekrinsen omfatta Turøyna og Misje. Ved gamle skulen er eit lokalmuseum, Misje museum.

Folketalsutvikling for øya Misje: 1801Folketeljing 1801 for Manger prestegjeld, frå Digitalarkivet 1900Folketeljing 1900 for Herdla herred, frå Digitalarkivet 2000Befolkning, etter grunnkrets, statistikkvariabel og år, frå Statistisk sentralbyrå 2023 14 72 227 330

Kjelder

Litteratur Misje, Anne Karin: BRO -forbindelse eller forbannelse? En studie av sosiale endringer i et lokalmiljø, Semesteroppgave etnologi grunnfag. Universitetet i Bergen 1991. Nettversjon Misje, Børge og Turøy, Tore: Misje bygdebok, Straume 2004. Turøy, Tore: Ættesoga Misje, Straume 2001.

Bakgrunnsstoff Misje skule Nettportal for bygda Misje

Kategori:Øyar i Øygarden Kategori:Tettstader i Vestland