Leif Reinhardt Natvig () var ein norsk entomolog frå Oslo. Han var 50 år knytt til Zoologisk museum ved Universitetet i Oslo, der han spesialiserte seg på studiet av blodsugande og helseskadelege insekt og midd, særleg nordiske stikkemyggar av familien Culicidae.

Natvig var son til ein lækjar. I 1914 fekk jobben som privatassistent for professor N.J.T. Odhner ved Zoologisk museum og i 1916 konservator-stilling ved insektavdelinga. Han tok bifagseksamen i zoologi i 1922, og utdanna seg vidare i eksotisk patologi og medisinsk parasittologi ved Institut für Schiffs- und Tropenkrankheiten i Hamburg åra 1927-28, 1933 og 1938. Frå 1949 var han styrar av Zoologisk Museum til han vart pensjonert i 1964.

Natvig var formann i Norsk entomologisk forening 1937-50 og redaktør av foreininga sitt tidsskrift frå 1954.

Kjelder Norsk Allkunnebok. VIII. bandet. 1958

Kategori:Norske entomologar Kategori:Folk frå Oslo