Wilhelm Kvalheim () var ein norsk lærar, biletkunstnar og lokalhistorikar. Han var frå Kvalheim i Vågsøy kommune og var også m.a. busett i Selje, Stryn og Volda.

Kvalheim tok lærareksamen i 1897, og var lærar i Selje 1897-1900, på Bergens kommunale skule for åndsveike 1901-1903, på Florø kommunale mellomskule i Florø 1903-1906, i Selje 1906-1908, i Stryn 1908-1913, på Volda lærarskule 1913 og overlærar der frå 1924. Kvalheim var leiar i Nordfjord krins av Norges Kristelege Ungdomsforbund (NKUF).

Wilhelm Kvalheim var kunstmålar og stilte ut på Statens kunstutstilling i 1930. Han gav ut ei lærebok i teikning, og gjorde mykje av innsamlingsarbeidet for bygdeboka: Selje og Vågsøy : bygdene og bygdesamfunnet, ved Edvard Os.

Bibliografi Bøker

I tidsskrift - eit utval Lokalhistoriske artiklar Sogn og Fjordane MøreRom : lokalhistoriske artiklar Møre og Romsdal

Kjelder Fylkesleksikon Sogn og Fjordane Gravminner i Norge

Bakgrunnsstoff Om Wilhelm Kvalheim i Lokalhistoriske artiklar Sogn og Fjordane Om Wilhelm Kvalheim i MøreRom : lokalhistoriske artiklar Møre og Romsdal

Kategori:Norske sakprosaforfattarar Kategori:Forfattarar frå Vågsøy Kategori:Forfattarar frå Selje Kategori:Forfattarar frå Stryn Kategori:Norske biletkunstnarar