Westmoreland Parish er eit parish (tilsvarande fylke) på Jamaica som ligg sørvest på øya. Det grensar til Hanover Parish i nord, Saint James i nordaust og Saint Elizabeth i aust. Den største byen og administrasjonssenteret er Savanna-la-Mar, som også er ein hamneby og eit handelssenter.

Savanna-la-Mar har rundt 1 000 innbyggjarar. Andre viktige tettstader er Little London, Petersfield, Bethel Town, Williamsfield og Darliston.

Det vestlegaste punktet på Jamaica, Negril Point, ligg i fylket. Like ved ligg Negril fyr og den kjende turistbyen Negril. Det blir drive fiske frå Negril, Bluefields, Little Bay og White House. Jordbruk er også viktig i fylket, som har næringsrik jord og jamne nedbørsmengder. Rundt ein fjerdedel av fylket er flatt og passar til sukkerrøyrdyrking. I Frome finst ein stor sukkerfabrikk. I tillegg til sukker- og romproduksjon er kvegdrift og risdyrking viktige næringsvegar.

Folk frå Westmoreland Mary Morris Knibb (1886–1964), lærar, reformator og velgjerar Gladys Bustamante (1912–2009), aktivist Winthrop Graham (f. 1965), friidrettsutøvar Owen Beck (f. 1976), boksar Allison Beckford (f. 1979), friidrettsutøvar

Kjelder

Bakgrunnsstoff

Kategori:Parish på Jamaica