Marina Viktorovna Bazanova () var ein ukrainsk handballspelar frå Kiev som vart trefaldig verdsmeister med Sovjetunionen i tida 1982-90 og frå 1981 til -88 vann meisterligaen seks gongar med Spartak Kiev.
Bazanova var høgre kantspelar på både Sovjetunionen sitt landslag og på Spartak Kiev i over ti år. I 1981 var ho med å vinne Meisterligaen 1981 og året etter vart ho verdsmeister fyrste gongen då det sovjetiske landslaget vann VM-finalen mot vertslandet Ungarn. Sidan forsvarte Sovjetunionen og Bazanova VM-tittelen i 1986 såvel som i 1990. Meisterligapokal nummer to tok ho og Spartak Kiev i 1983, medan laget åra 1985-88 sopa med seg alle fire pokalane i meisterligaen. Bazanova deltok i Sommar-OL 1988 og 1992, der ho var med å vinne bronsemedalje i begge leikane, i Barcelona 1992 etter å ha tapt semifinalen mot Noreg med eitt mål. Nett i Barcelona fekk ho plass på All-Star-laget.
Ho døydde i Bremen i Tyskland.
Kjelder Denne artikkelen bygger på «Marina Bazanova» frå , den 14. desember 2017.
Kategori:Sovjetiske handballspelarar Kategori:Ukrainske handballspelarar Kategori:Verdsmeistrar i handball Kategori:Olympiske medaljevinnarar i handball Kategori:Olympiske bronsemedaljevinnarar for Sovjetunionen Kategori:Olympiske bronsemedaljevinnarar for SUS Kategori:Medaljevinnarar under sommar-OL 1988 Kategori:Sovjetiske deltakarar under sommar-OL 1988 Kategori:Handballspelarar under sommar-OL 1988 Kategori:Medaljevinnarar under sommar-OL 1992 Kategori:Deltakarar for SUS under sommar-OL 1992 Kategori:Handballspelarar under sommar-OL 1992