'Martha Rubiano Skretteberg () er ein norsk-colombiansk jurist og fredsforkjempar.

Skretteberg er fødd i Colombia og vaks opp der. Ho har brukt store delar av sitt liv til å jobbe for fred i heimlandet, men har utdanninga si frå Blindern i Oslo frå 1985 og er busett i Oslo, der ho er gift med to born. Ho har mellom anna vore leiar i næringsetaten i Oslo kommune, avdelingsdirektør i sosial- og helsedirektoratet, arbeidsdepartementet, og barne-, likestillings- og inkluderingsdepartementet i Noreg.

Utdanning og erfaring

Skretteberg er utdanna jurist med tilleggsutdanning i kriminologi og flyktningrett. Ho har leiarerfaring frå både forvaltning og privat sektor. Skretteberg har òg vore landdirektør for Flyktninghjelpa i Colombia, der ho leia program for internt fordrivne og for flyktningar i Venezuela, Panama og Ecuador. I tillegg har ho vore leiar av FOKUS (Forum for Kvinner og Utviklingsspørsmål).

Ho har vore generalsekretær i den katolske hjelpeorganisasjonen Caritas Norge frå 2011 til 2023 (med eitt års opphald) og styremedlem Caritas Europa, og var i 2017 på besøk i områda der den tidlegare geriljaorganisasjonen FARC hadde sine leirar etter at soldatane vart demobiliserte som eit ledd i fredsplanen for Colombia.

Kjelder

Kategori:Colombianarar Kategori:Nordmenn av colombiansk opphav Kategori:Norske organisasjonsfolk