Frederik Messel Olsen () var ein norsk skulemann og politikar, fødd i Oslo, stortingsmann frå Drammen 1854 og 1862-63.
Far til Olsen var bordskrivar. Sjølv vart han student 1830 frå Møllers institutt i heimbyen og tok filologisk embetseksamen 1836. Han underviste ved Møllers institutt 1830-37 og var lærar ved Drammens lærde skole 1837-39. Åra 1840-46 var han adjunkt ved Christiania katedralskole. I 1846 vart han konstituert som overlærar (tilsv. lektor) ved Drammens lærde skole, og 17. november 1849 vart han utnemnd til rektor ved skolen. Denne stillinga hadde hadde til han døydde.
I Drammen var Olsen medlem av bystyret i mange år, ordførar 1851 og 1859, varaordførar 1849-50, 1852, 1857 og 1860. Han var i 1859 med i ein kongeleg kommisjon om «de lærde skoler».
Olsen representerte Drammen på Stortinget i 1854 og på ny 1862-63. I 1854 var han medlem Kyrkjekomiteen og Komiteen om stortingsbygningen, i 1862-63 med i Lagtinget og formann i Kyrkjekomite nr 2. Olsen, som var ugift, døydde 48 år gammal heime i Drammen, seks dagar etter han vart permittert frå Stortinget.
Kjelder Lindstøl, Tallak: Stortinget og Statsraadet 1814-1914. Kristiania, 1914
Kategori:Norske skulefolk Kategori:Stortingsrepresentantar 1854-1856 Kategori:Stortingsrepresentantar 1862-1864 Kategori:Folk frå Drammen