mini|Reaksjonane i ureasyklusen. Namna til enzyma er avstytte. Ureasyklusen er ein biokjemisk reaksjonssyklys som gjer om ammoniakk, eit giftig stoff, til urea hjå ureoteliske dyr. Reaksjonane går føre seg i levra, og er delt mellom cytosol og mitokondria. Hjå menneske er ureasyklusen den einaste måten ammoniakk kan fjernast frå kroppen på.

Ureasyklusen har fem steg og involverer dei fem enzyma karbamoylfosfat-syntetase, ornitin-transkarbamoylase, argininravsyre-syntetase, argininravsyre-lyase og arginase.

Ei viktig rolle til ureasyklusen er å fjerna ammoniakk frå katabolisme av aminosyrer og protein. Fleire genetiske sjukdomar skriv seg frå lyte i enzyma i ureasyklusen.

Kjelder