Marianne Rumohr () var ein norsk lærar, omsetjar og forfattar. Ho var dotter av Claus Søfren Rumohr (1850-1915) og ho vaks opp i Lærdal, der også kunstnaren Knut Rumohr kom frå.
Etter andre verdskrig var ho lærar på Sagene lærerskole på Sagene i Oslo. I 1947 leia ho Foreldrenes kvarter i NRK radio. Mest kjend er ho kanskje for sine to verk om forplanting. Den første boka frå 1948 skulle ta over for Otto Lous Mohr si lærebok av 1933, til bruk i den forseinka innførte Normalplanen av 1939. Rumohr skriv der at barna tek skade på karakteren av forteiinga som gjer kjønnslivet til noko stygt og uanstendig. Etter at den andre boka utkom i 1956, beundra anmelderen i VG Rumohr for den «finfølelse og takt hun gjennomfører sitt program med. Hun gjør rede for hver detalj i forplantningen, fint og enkelt, og det blir som en høysang til livet.»
Verv og utmerkingar Kongens fortenestmedalje i gull 1950 Med i «Komiteen til drøfting av spørsmålet om undervisningsplaner i menneskets forplantningslære i skolen», nedsett 1. desember 1951.
Bibliografi Bøker
I bøker - eit utval
Omsetjingar
Referansar
Kjelder Gravminner i Norge Wikipedia på bokmål
Kategori:Norske pedagogar Kategori:Norske barnebokforfattarar Kategori:Norske sakprosaforfattarar Kategori:Norske omsetjarar Kategori:Kongens fortenestmedalje i gull Kategori:Folk frå Lærdal Kategori:Forfattarar frå Lærdal