Emilie Adams () er ein norsk elektropopsongar, låtskrivar og produsent som blei oppdaga på det norske tv-programmet The Stream i 2016.
Etter å ha sunge i dei innleiande rundane i programmet, skreiv Adams kontrakt med Warner Music Norway i 2016. Etter tv-konkurransen har ho sunge på låtar som «The One That Got Away» og «Our City» med den norske musikarduoen TRXD. Den sistnemnde låten hadde per januar 2018 over 17 millionar strømmingar på Spotify.
Adams skriv songar og hentar inspirasjon frå artister som Banks, Lorde, Lana Del Rey og Coldplay. Ho har teke del på VG-lista-tilstellingar på Rådhusplassen i Oslo sommaren 2017 og fleire gonger på P3-programmet Christine Live. Ho er ein av låtskrivarane bak «Light Me Up» som er med i Melodi Grand Prix 2018.
Kjelder
Kategori:Norske musikarar