Sune er eit mannsnamn av nordisk opphav, opphavleg danna av gammalsvensk sun med tydinga 'son'.Otterbjörk, Roland, Svenska förnamn, 3. uppl., Esselte studium, Stockholm, 1979, s. 126 Namnet finst i forma Suni på ei runeinnskrift frå 1000-talet, og har i sin tur gjeve opphav til namneformer som Sone og Såne.af Klintberg, Bengt, Namnen i almanackan, 2001, Norstedts Ordbok,
Sune har svensk namnedag den 29. november (sidan 1901) og finsk namnedag den 28. mars.
Namnet blei innført som svensk namnedag i almanakken i 1901, mykje på grunn av det norrøne opphavet. Det var mest populært i Sverige frå 1930-talet til byrjinga av 1950-talet. På 1960-talet blei namnet Sune brukt som eit kallenamn for raggare, som Doris var for «raggarbrudar».
31. desember 2014 var det totalt 13 662 personar i Sverige med namnet Sune, der 5 672 hadde det som tiltalenamn.Statistiska centralbyråns Namndatabas 2015-10-18. I 2014 fekk 19 gutar namnet som tiltalenamn.Statistiska centralbyrån, Nyfödda - tilltalsnamn, alfabetisk översikt. Pojknamn 1998-2014, läst 2015-10-18.
Kjende namneberarar Sune Andersson, svensk fotballsspelar Sune Bergman, svensk ishockeytrenar Sune Bergström, svensk nobelprisvinnar i fysiologi eller medisin Sune Envall, svensk kunstnar Sune Eriksson, ålandsk politikar Sune Fogde, svensk konstnar Sune Holmqvist, svensk musikar og skodespelar Sune Jonsson Bååt, svensk riksråd og lagmann i Tiohärad Sune Larsson, svensk vinnar i Vasaloppet Sune Lundquist, pseudonym for Vic Suneson Sune Mangs, svensk skodespelar og komikar Sune Skjalmsen, norsk stormann Sune Waldimir, svensk filmmusikkomponist Sune Ödling, svensk ishockeyspelar
Fiktive figurar med namnet Sune Sune Andersson, hovudperson i ein serie barnebøker skrivne av Anders Jacobsson og Sören Olsson.
Referenser
Denne artikkelen bygger på «Sune» frå , den 18. januar 2018.
Kategori:Mannsnamn Kategori:Svenske mannsnamn Kategori:Førenamn av norrønt opphav