mini|Land med -stan i namnet og (lysegrønt) land med område som har -stan i namnet.

-stan () er eit persisk suffiks som tyder 'stad, staden til' eller 'land'. Det er ein del av namnet til mange område, særleg i Sentral- og Sør-Asia, men også i Kaukasus og Russland. Dette er område som historisk er blitt påverka av persisk kultur. Moderne land med -stan i namnet er Afghanistan, Kasakhstan, Kirgisistan, Pakistan, Tadsjikistan, Turkmenistan og Usbekistan. Eit lokalt namn på Armenia er «Hayastan», medan «Hindustan» er eit namn på India på urdu og persisk.

Orddelen kan også brukast meir generelt på persisk og på urdu i ord som rigestân () 'sand-stad, ørken'; Pakistan, 'reinleikslandet'; Hindustan, 'Indus-landet'; golestân () 'blomestad, hage' og bengali koborstan () 'gravlund, gravstad'.

I norsk samanheng er endinga blitt brukt humoristisk i namn som «Langtvekkistan».

Kjelder Denne artikkelen bygger på «-stan» frå , den 21. januar 2018. oppgav desse kjeldene:  

Kategori:Ord av persisk opphav Kategori:Namnedelar