Lāsma Kauniste, fødd Avotiņa, () er ein tidlegare skeiseløpar frå Riga i Latvia som representerte Sovjetunionen. Ho vart verdsmeister i 1969.
Lāsma Kauniste vart i 1967 nummer to i Skeise-VM i Deventer og nummer tre i den sovjetiske meisterskapen. Sesongane 1968-70 enda ho årleg på andreplassen i sovjetmeisterskapen. Under Vinter-OL i Grenoble deltok ho i tre av distansane og vart som best nummer fem på 1500 meter. Ved Skeise-VM 1969 på olympia-arenaen i Grenoble gjekk ho fire gode distanseløp, noko som sikra henne laurbærkransen framom Stien Kaiser, verdsmeisteren dei to føregåande åra.
Kjelder Denne artikkelen bygger på «Lāsma Kauniste» frå , den 26. januar 2018.
Kategori:Sovjetiske skeiseløparar Kategori:Latviske skeiseløparar