The Survivors Live er eit konsertalbum med Johnny Cash, Carl Perkins og Jerry Lee Lewis. Det kom ut i 1982 på Columbia Records. Innspelinga føregjekk 23. april 1981 i Böblingen, nær Stuttgart, i Vest-Tyskland, då dei tre musikarane, som hadde vore i lag på Sun Records i byrjinga av karrierene sine, turnerte i Europa. Konserten var først berre meint for Cash, men Lewis og Perkins vart med han på scenen ein kveld då dei ikkje hadde eigne konsertar. Utan å øve først framførte dei tre songar dei var kjende for, inkludert Cash sin «Get Rhythm» og Perkins sin «Blue Suede Shoes» - i tillegg til mindre kjende songar. Perkins, Cash og Lewis hadde spelt i lag før, i lag med Elvis Presley (som døydde i 1977), under Million Dollar Quartet-innspelinga, og samarbeidde seinare på albumet Class of '55 i lag med Roy Orbison i 1985. For den siste songen på albumet, «I Saw the Light», fekk Cash, Perkins og Lewis med seg sonen til Cash, John Carter og dottera Cindy Cash på scenen.

Innhald

Medverkande

Johnny Cash - vokal, gitar arrangør Jerry Lee Lewis - vokal, Piano Carl Perkins - vokal, gitar Jerry Hensley, Kenneth Lovelace, Bob Wootton - elektrisk gitar Marty Stuart - gitar, mandolin Earl Ball - piano Jack Hale Jr., Bob Lewin - trompet, valthorn W.S. Holland - trommer Henry Strzelecki - bass

Andre medverkande

Lou Robin - leiande produsent Rodney Crowell - produsent, miksing Bradley Hartman, Ron Treat - miksing Steve Hoffman - mastering Bill Johnson - kunstnarisk leiar Kevin Gray - CD-førebuing Murray Brenman - design for nyutgjeving

Lister Liste (1982) Plassering U.S. Billboard Top Country Albums 21

Kjelder Denne artikkelen bygger på «The Survivors Live» frå , den 28. januar 2018. oppgav desse kjeldene:

Kategori:Jerry Lee Lewis-album Kategori:Carl Perkins-album Kategori:Konsertalbum frå 1982 Kategori:Johnny Cash-album Kategori:Columbia Records-album