Lake Tekapo er ein tettstad i sørenden av Tekaposjøen på Sørøya på New Zealand. Ved folketeljinga i 2013 hadde han 369 innbyggjarar. Han er ein av fem tettstader i det grisgrendte Mackenzie Basin.

New Zealand State Highway 8 går like gjennom tettstaden - 227 km frå Christchurch og 256 km frå Queenstown. Tekaposjøen er eit populært turistmål, og det ligg fleire hotell i tettstaden. Lake Tekapo Airport ligg 5 km vest for tettstaden.

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Lake Tekapo (town)» frå , den 9. februar 2018.

Bakgrunnsstoff

Official Lake Tekapo Tourism Website

Kategori:Busetnader i Canterbury på New Zealand