Haavard Martinsen () var ein norsk kjemikar, forretningsmann og politikar, fødd i Nedre Eiker og oppvaksen i Oslo. Gustav Martinsen var far hans.

Martinsen gjekk på Krigsskulen og studerte seinare kjemi i Dresden. I 1904 leverte han avhandlinga Bidrag til nitreringsprocessens reaktionskinetik og vart den fyrste dr.philos. frå Kjemisk institutt ved Universitetet i Oslo. Etter studieopphald i Paris og London underviste han frå hausten 1905 på den tekniske skulen i Oslo.

Då eldste bror hans døydde våren 1908 byrja Martinsen å arbeide i familiefirmaet Bjølsen Valsemølle, frå 1911 som forretningsførar. I 1918 tok han over både som direktør og styreformann i firmaet, stillingar han hadde til 1949 og 1951. Som formann i Mølleforeningen frå 1913 aksepterte han strenge reguleringar av mylnebransjen under fyrste verdskrigen og seinare kornmonopolet gjennom etableringa av Statens Kornforretning i 1929. Desse ordningane syrgde for solid forteneste til Bjølsen Valsemølle i mellomkrigsåra, som elles ekspanderte gjennom oppkjøp av andre mylner.

Martinsen var ordførar i Oslo 1920-22, vald for partiet Høgre.

Kjelder Norsk biografisk leksikon Norsk Allkunnebok. VIII. bandet. 1958

Kategori:Norske næringslivsleiarar Kategori:Norske kjemikarar Kategori:Ordførarar i Oslo Kategori:Høgreordførarar i Oslo Kategori:Folk frå Oslo