That'll Be The Day er det siste studioalbumet til Buddy Holly. Decca var det første store plateselskapet til Holly, men han klarte ikkje å skape ein hitsingel med dei tidlege innspelingane sine. Etter at han slo igjennom med innspelingar for Brunswick og Coral gav Decca ut desse innspelingane. Dette er det siste albumet som kom ut før han omkom i ein flystyrt 3. februar 1959, og er sjeldan blant samlarar..Album artist 211 - Buddy Holly. tsort.org.
Bakgrunn Innspelingane vart gjort under tre forskjellige innspelingar, som typisk varte rundt tre timar, i januar, juli og november 1956 i Bradley Film and Recording Studios i Nashville i Tennessee. Frå desse innspelingane vart det gjeven ut ein singel den 16. april 1956, «Blue Days, Black Nights» med «Love Me». Ein annan singel, «Modern Don Juan» med «You Are My One Desire» (D 30166) kom ut 24. desember 1956. Begge singlane selde dårleg, så Decca la resten av innspelingane på hylla.
Då Buddy Holy slo gjennom med ei ny innspeling av «That'll Be the Day» med banet sitt The Crickets, byrja Decca å gje ut desse tidlege innspelingane til Holly på singlar og kulminerte med eit heilt album og ein tilhøyrande EP.
Innspelingane til Decca frå Nashville i 1956 vart gjevne ut fleire gonger seinare med ny innpakning.That'll Be the Day. Discogs. Instrument og korvokal vart lagt til på seinare utgåver så seint som i 1984. Den britiske utgåva The Nashville Sessions frå midten av 1970-åra er den beste vinylutgåva i følgje Allmusic.Bruce Eder. "That'll Be the Day - Buddy Holly | Songs, Reviews, Credits, Awards". AllMusic.
Albumet nådde femteplassen på den britiske albumlista då det kom ut på ny i 1961.Album artist 211 - Buddy Holly. tsort.org. I 1967 vart albumet gjeve ut på ny med tittelen The Great Buddy Holly.
Innhald
Bonusspor på 1999-utgåva
Medverkane Buddy Holly* – vokal & gitar Sonny Curtis* – sologitar Grady Martin* – rytmegitar Doug Kirkham* – bass og perkusjon Don Guess* – bass Jerry Allison* – trommer Harold Bradley – gitar Floyd Cramer – piano Farris Coursey – trommer E.R. "Dutch" McMillan – altsaksofon Owen Bradley – piano Boots Randolph – saksofon
* besetninga for 22. juli vart kalla The Three Tunes. I følgje buddyhollycenter.org var gruppenamnet Buddy and the Two Tones (Buddy Holly med Don Guess og Sonny Curtis).
Owen Bradley produserte innspelingane. The Picks song harmonivokal.
Salslister Album Lister (1961)PlasseringUK Album Chart5
Kjelder Denne artikkelen bygger på «That'll Be the Day (album)» frå , den 11. februar 2018. oppgav desse kjeldene:
Bakgrunnsstoff
Buddy Holly: That'll Be The Day: Decca DL 8707 - April 1958 Buddy Holly: That'll Be The Day Dates And Recording Information - Nashville and Clovis 1956 2006 April Music Memorabilia Auction #622 Buddyhollyonline
Kategori:Buddy Holly-album Kategori:Album produserte av Owen Bradley Kategori:Musikkalbum frå 1958 Kategori:Decca Records-album