Benagaria er ein landsby i Jharkhand i India, nær grensa til Vest-Bengal. Området er i første rekkje folkesett av stammefolket santalar. I denne landsbyen var det nordmannen Lars Olsen Skrefsrud saman med dansken Hans Peter Børresen etablerte Ebenezer, den første misjonsstasjonen for Santalmisjonen.

Like ved misjonsstasjonen i Benagaria blei det bygd ei kyrkje som kunne romma meir enn 2000 menneske. Bygningsarkitekt var Hans Peter Børresen. Ebenezer kyrkje i Benagaria var motiv på eit norsk frimerke som kom ut i samband med Santalmisjonen sin 100 års-jubileum i 1967. Kyrkjebygget er enno i bruk av NELC.

Koordinatar Plasseringa av Ebenezer gamle kyrkje. Den nye kyrkja, teikna av Børresen, ligg like aust for denne.

Kjelder Denne artikkelen bygger på «Benagaria» frå , den 14. februar 2018.

Kategori:Den norske Santalmisjon Kategori:Landsbyar i Jharkhand