Andreas Aulie () var ein norsk jurist. Han var riksadvokat i Noreg frå 1946 til 1967. I 1942, under den andre verdskrigen, vart han kalla til London av den norske regjeringa der. Året etter vart han utnemnd til rikspolitisjef for Noreg, med sikte på etterkrigstida.
Aulie vart riksadvokat i 1946, og var det fram til 1967. Han sat i benådingsutvalet, og utvalet som vurderte landssvikoppgjeret.
Andreas Aulie vart utnemnd til kommandør av St. Olavs Orden og av Vasaordenen. Han var også æresmedlem av Order of the British Empire.
Andreas Aulie var bror til målaren Reidar Aulie (1904-1977).
Referansar
Bakgrunnsstoff Andreas Aulie i Norsk biografisk leksikon
Kategori:Nordmenn frå andre verdskrigen Kategori:Norske riksadvokatar Kategori:St. Olavs Orden Kategori:Folk frå Oslo Kategori:Æresmedlemmer av Order of the British Empire