«Let's Go Get Stoned» er ein song opphavleg spelt inn av The Coasters i mai 1965. Han vart skriven av Nickolas Ashford, Valerie Simpson og Josephine Armstead.
Songen gjekk til topps på R&B-lista i 1966 med ein versjon av Ray Charles. Singelen kom ut berre kort tid etter Charles kom ut etter rehabilitering for eit 16 år lang heroinmisbruk. Charles høyrde ei innspeling frå 1965 av songen av den framtidige countrystjerna Ronnie Milsap. I følgje Milsap likte Charles versjonen hans så godt at han valde å spele inn songen sjølv. Songen er ein av dei første suksessrike songane Ashford & Simpson skreiv i lag. Duoen skreiv òg Charles sin «I Don't Need No Doctor».Ray Charles, «I Don't Need No Doctor» Henta 17. februar 2018.
Andre versjonar Manfred Mann spelte inn songen på EP-en No Living Without Loving, som toppa EP-lista i Storbritannia i desember 1965. The Amboy Dukes spelte inn ein versjon i 1967 på det sjølvoppkalla albumet sitt. James Brown gav ut ein versjon av songen på singel.James Brown, Fine Old Foxy Self Henta 17. februar 2018. Booker T & The MGs spelte inn songen i 1968 på albumet sitt Doin' Our Thing. Big Mama Thornton spelte inn songen i 1969 på albumet Stronger Than Dirt. Joe Cocker spelte songen fleire gonger på konsertar, mellom anna på Woodstockfestivalen i 1969. The Derek Trucks Band har spelt songen på konsertar. Billy Preston spelte inn songen på albumet Live European Tour som kom i 1974. Lowell Fulson spelte inn songen under namnet Lowell Fulsom i 1968 på albumet Now. Bonnie Bramlett spelte inn songen på albumet Lady's Choice Capricorn Records (1976) Atlanta Rhythm Section spelte inn ein versjon på albumet Underdog
Salslister Liste (1966)PlasseringU.S. Billboard Hot 10031U.S. Billboard Hot R&B Singles1
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Let's Go Get Stoned (R&B song)» frå , den 17. februar 2018. oppgav desse kjeldene:
Bakgrunnsstoff
Kategori:Songar frå 1966 Kategori:Singlar frå 1966 Kategori:Songar skrivne av Valerie Simpson Kategori:Songar skrivne av Nickolas Ashford Kategori:The Coasters-songar Kategori:Ronnie Milsap-songar Kategori:Ray Charles-songar Kategori:Manfred Mann-songar Kategori:James Brown-songar Kategori:Big Mama Thornton-songar Kategori:Joe Cocker-songar Kategori:Songar på toppen av Billboard Hot R&B/Hip-Hop Songs-lista Kategori:Songar skrivne av Jo Armstead Kategori:ABC Records-singlar Kategori:The Everly Brothers-songar Kategori:Booker T. & The M.G.'s-songar