Twist with the Ventures er det femte studioalbumet til bandet The Ventures. Det kom ut i 1962 på Dolton Records. Det består hovudsakleg av instrumentale versjonar av populære dansesongar frå seint i 1950- til tidleg i 1960-åra, i tillegg til eit par originale komposisjonar. Det låg på albumlista i USA i 29 veker og nådde 24. plassen på Billboard 200. Albumet vart seinare gjeve ut på ny med nytt omslag og tittelen Dance!. Under innspelinga av dette albumet slutta den originale trommeslagaren Howie Johnson og vart erstatta av Mel Taylor, og den klassiske besetninga til Ventures var då oppstått. Derfor spelar både Johnson og Taylor trommer på dette albumet.
Innhald
Dette er den originale sporlista frå originalalbumet. På seinare utgåver vart «Opus Four» kalla «Opus Twist», og «The Wasp» vart kalla «Bumble Bee Twist»
Medverkande Don Wilson – rytme og sologitar Nokie Edwards – sologitar Bob Bogle – bass, sologitar Mel Taylor – trommer Howie Johnson – trommer Tommy Allsup - sologitar (spor 6 og 7)
Kjelder Denne artikkelen bygger på «Twist with the Ventures» frå , den 28. februar 2018. oppgav desse kjeldene:
Kategori:Musikkalbum frå 1962 Kategori:Dolton Records-album Kategori:The Ventures-album Kategori:Instrumentalalbum