Bobby Vee Meets The Ventures er eit studioalbum gjeven ut av Bobby Vee og den amerikanske instrumentale rockegruppa The Ventures. Dette var det første albumet The Ventures gav ut med vokal, om ein ser bort frå korvokal og enkelte songar. Albumet kom ut 1. juni 1963 på Liberty Records. Albumet nådde 91. plassen på Billboard Top 200-lista.
Bobby Vee hadde tidlegare spelt med The Crickets på eit tidlegare album, men det var langt meir poporientert enn dette albumet. Vee syng vokal på dei fleste songane, men The Ventures har òg nokre instrumentalar dei speler aleine.
Innhald
Medverkande
Bobby Vee - vokal Nokie Edwards - sologitar, bass Mel Taylor - trommer Don Wilson - rytmegitar, sologitar Bob Bogle - sologitar, bass
Kjelder Allmusic
Kategori:Musikkalbum frå 1963 Kategori:Dolton Records-album Kategori:The Ventures-album Kategori:Bobby Vee-album