mini|Representantar for ulike religiøse grupper i Storbtiannia møter den britiske utanriksministeren i London for å overlevera eit ope brev som ber om frigjeving av sju bahai-leiarar fengsla i Iran. Religion i England er prega av den engelske kyrkja, som har vore statskyrkje sidan 1500-talet og har den engelske monarken som overhovud. Kristendommen hadde då vore hovudreligionen i fleire hundreår. Andre viktige kristne retningar i landet er katolisisme, metodisme og baptistkyrkja. Etter kristendommen er religionane med flest medlemmer i landet islam, hinduismen, nypaganismen, sikhismen, jødedommen, buddhismen og bahai.

Sjølv om landet har ei statskyrkje er England likevel eit ganske sekulært land. Til dømes blir under ein tredel av vigslar utførte i den engelske kyrkja, og ein fjerdedel av ungar døypte i henne.

Statistikk

Folketeljingane i 2001 og 2011 fann at kristendommen var den mest utbreidde religionen, men telte ikkje opp dei ulike formene for kristendom i England.

Religion20012011Tal%Tal%Kristendom35 251 24471,731 479 87659,4Ingen religion7 171 33214,613 114 23224,7Islam1 524 8873,12 660 1165,0Hinduisme546 9821,1806 1991,5Sikhisme327 3430,7420 1960,8Jødedom257 6710,5261 2820,5Buddhisme139 0460,3238 6260,5Annan religion143 8110,3227 8250,4Religion ikkje oppgjeven3 776 5157,73 804 1047,2Totalt49 138 831100,053 012 456100,0

Historiske religionar mini|Den keltisk-romerske guddomen Sulis Minerva blei dyrka i Aquae Sulis, dagens Bath. England har husa fleire før-kristne eller såkalla heidenske religionar. Nokre av desse er lite kjende, men representerte gjennom rituelle monument som Stonehenge og Avebury. Andre er betre dokumenterte.

Gallo-romersk religion Ein gallo-romersk religion blei danna i Romersk Britannia då romarane kom i kontakt med britonarar. Druidane deira blei skildra av CæsarJulius Caesar, Commentarii de Bello Gallico 6.13 og forbodne under Claudius.Suetonius, Claudius 12.5 Britonarane fortsette likevel å tilbe gudane sine, som Ancasta, som ofte kunne smelta saman med tilsvarande romerske gudar. Romarane bygde fleire tempel, som det ved Aquae Sulis, dagens Bath.

Kultar som mithraismen blei også utbreidde mot slutten av den romerske okkupasjonen. Mithrastempelet i London er eit døme på at ein slik mysteriereligion var populær blant den urbane eliten.

Germansk heidendom I løpet av mellomalderen kom angelsaksarar til England og hadde med seg si tru, ei form for germansk heidenskap. Seinare, etter at dei fleste anglosaksarene var blitt kristna, kom vikingar frå Skandinavia med si nærskylde norrøne gudetru. Ein finn spor av denne gjennom relieff på såkalla hogbackar og på Gosforthkrossen.

Kristendom mini|St Martin's-kyrkja ved Canterbury med utsyn mot domkyrkja i Canterbury. mini|Koret i Ely domkyrkje. Heilage Jørgen (Saint George) er vernehelgen for England, og det engelske flagget er danna av krossen hans. Før Edward III si regjeringstid var vernehelgenen Edmund martyren, medan heilage Alban er rekna som den første engelske martyren.

Kristendommen kom til England tidleg i historia si. Ifølgje ulike soger skal Josef frå Arimatea, kong Lucius og heilage Fagan fått kristendommen hit allereie i det første eller andre hundreåret e.Kr., men dei eldste historiske kjeldene til kristendommen blant britane er frå kyrkjefedrar som Tertullianus og Origenes på 200-talet. Romersk Britannia hadde tre biskopar som deltok ved konsilet i Arles i 314. Keltisk kristendom var også ei viktig form for tidleg britisk kristendom.

I anglikansk tradisjon er kyrkjegrunnleggjaren deira Augustin, den første erkebiskopen av Canterbury, som levde på 500-talet. Dronninga til Æthelberht av Kent, Berthe eller Bertha, var dotter av den frankiske merovingarkongen Charibert, og tok med seg sjelesørgaren Liudhard til Storbritannia. Bertha restaurerte ei romersk kyrkje aust for Canterbury og vigde henne til Martin av Tours, vernehelgenen for denmerovingiske kongefamilien. Denne kyrkja, Saint Martin's, er den eldste kyrkja i England som framleis eri bruk. Æthelberht sjølv var ikkje kristen, men lét kona si dyrka Gud på sin eigen måte i St Martin's. Truleg under påverknad frå kona si bad Æthelberht pave Gregorius I senda misjonærar, og i 596 sende paven Augustin og ei gruppe munkar til landet. Etter ei tid konverterte Æthelberht til kristendommen, og det same gjorde fleire tusen av undersåttane hans. Canterbury og York blei to viktige sete for kristendommen i England som har halde stillinga si til moderne tid.

Kyrkjemøtet i Whitby i 664 er eit viktig skilje i engelsk kristendom ettersom det var her kong Oswiu av Northumbria avgjorde å følgja katolsk og ikkje keltisk kristendom. Kyrkjemøtet slo dast at ein skulle fastsetja datoen for påske på katolsk vis, og følgja katolske tonsurtradisjonar. Rundt denne tida blei Lindisfarne-evangelia laga, og den heilage Beda var verksam.

Under Alfred den store i 871 og Wihelm erobraren i 1066 blei England gjort til eit rike med ei statskyrkje, tidlegare enn mange andre land i Europa. Ei rekkje vikingherjingar på 800-talet hadde øydelagd dei fleste klostera. Kong Edgar og erkebiskophen hans Dunstan sette i gang ein reform ved kyrkjemøtet i Whitby i 970, der ein kom fram til at alle biskopar skulle prøva å skipa kloster ved domkyrkjene sine etter benediktinarordenen. Den normanniske Wilhelm og erkebiskopen hans Lanfranc arbeidde for å fullføra reformarbeidet.

I mellomalderen var tilbeding av helgenar viktig, og det fanst fleire pilegrimsmål i landet: St. Alban's Abbey, med relikviar etter den første engelske martyren; Ripon, som var grunnlagd av heilage Wilfrid; Durham, der domkyrkja husa leivningane etter heilage Cuthbert av Lindisfarne og Aidan; Ely, vigd til heilage Etheldreda; Westminster Abbey, med eit storslått minnsmerke for den heilage Edvard vedkjennaren, og Chichester, med leivningane til heilage Rikard. Ein erkebiskop av Canterbury, Thomas Becket, som var blitt drepen på ordre frå kog Henrik II i 1170, gjorde Canterbury til det viktigaste pilegrimsmålet i England.

Teologen John Wycliffe kritiserte kyrkja på 1300-talet, og la grunnlaget for lollardismen. Reformasjonen i England på 1500-talet byrja i 1531, då Henrik VII fekk parlamentet til å godta han som overhovud for kyrkja i England. Frå 1536 blei klostera i landet oppløyste. Henrik sin son Edvard VI vidareførte reformasjonen med steng ikonoklasme, medan den katolske systera hans Maria I, som etterfølgde han, gjeninnførte katolisismen og avretta protestantar for kjetteri. Under Elisabeth I blei den reformerte anglikanske kyrkja gjennnført for godt. I 1558 blei det innført ein lov, Act of Uniformity, som sa at alle måtte gå til (protestantisk) gudsteneste på sundagen eller betala ein større bot. Under henne blei det forbode å vera ein katolsk prest eller jesuitt i England, eller å husa dei. Mange katolikkar blei drepne for landsforræderi, mellom dei systera til Elisabet, Maria Stuart.

Under Jakob VI av Skottland og I av England blei tilhøvet mildare, men krutsamansverjinga som ei lita gruppe katolikkar stod bak gjorde forfølginga av katolikkane verre. Etter den engelske borgarkrigen, då puritanarane ei tid hadde makta, la Act of Settlement frå 1701 grunnlaget for det moderne engelske monarkiet der katolikkar er ekskluderte frå trona. Først frå slutten av 1700-talet byrja katolikkar få tilbake rettar dei hadde tapt under dei tidlegare forfølgingane. I 1829 fekk katolikkar tilbake fleire borgarrettar, og kunne ta sete i Det britiske underhuset. Frå den store hungersnauda i Irland av på midten av 1800-talet kom ei mengd irske katolikkar til England, og fleire katolske bispedøme blei gjenoppretta.

Nye kyrkjesamfunn som det til kvekarane oppstod på 1600-talet. Metodismen utvikla seg på 1700-talet. Han gav seinare grobotn for pinserørsla og Frelsesarmeen, som også blei høvesvis store kristne grupperingar i England. Vidare har fleire representantar for den lutherske, ortodokse og den koptiske kyrkja etablert seg i landet i lag med innvandrarar frå land der desse religionane står sterkt.

Jødedom

mini|Singers Hill synagoge i Birmingham i England.

Jødiske grupper er først dokumenterte i England etter den normanniske erobringa i 1066. Dei blei verande til jødar blei utviste frå landet av Edvard I av England i 1290. Seinare levde ein del jødar hemmeleg i landet. I 1656, under styret til Oliver Cromwell og på oppfordring frå rabbinaren Menasseh Ben Israel, blei mange av restriksjonane mot jødar oppheva, og dei kunne bu og utøva religionen sin fritt i England. På 1830-talet blei praktiserande jødar tillatne å sitja i Det britiske underhuset.

Etter 1880 kom fleire jiddisktalande jødar på flukt frå Aust-Europa til England. Jødane slo seg særleg ned i store industribyar som London, Leeds og Manchester, og reiste ei rekkje synagogar. Frå 1930-talet kom ei ny bølgje flyktningar frå land som var komne under nazistisk styre. I dag bur 300 000 jødar i Storbritannia, og landet er heim til det femte største jødiske samfunnet i verda.

Islam

mini|Milkstone Mosque i Rochdale i North Yorkshire. Mellomalderrika i England hadde noko kontakt med muslimsk kultur, noko ein mynt prega av Offa av Mercia på 700-talet med mønster frå myntar laga under den muslimske herskaren Al-Mansur viser. I prologen til Canterburyfortellingene frå 1386 opptrer ein doktor som har kjennskap til skriftene til dei muslimske lærde Razi, Avicenna (Ibn Sina) og Averroes (Ibn Rushd).

Seinare kom engelskmenn i kontakt med islamske område som Barbareskkysten, Det osmanske riket og India. Ein del engelskmenn var sære interesserte i islam, og kan ha konvertert. Frå 1700-talet byrja muslimske sjøfolk frå Det britiske imperiet å slå seg ned i England, og rundt 1800 gjorde bihariske Sake Dean Mahomed suksess i England med sjamponering, servering og ein biografi.

I 1911 omfatta det britiske imperiet 94 millionar muslimskeundersåttar, mykje meir enn dei 58 millionane kristne i det verdsomspennande riket.British Empire, 1911 Encyclopædia Britannica Etter den andre verdskrigen byrja ein del av desse å busetja seg i England, særleg muslimar frå det tidlegare Britisk India - India, Pakistan og Bangladesh.MariaCaterina La Barbera (2014), Identity and Migration in Europe: Multidisciplinary Perspectives, s. 230, Springer Science+Business MediaRichard D. Hecht, Vincent F. Biondo (2010), Religion and Everyday Life and Culture, page 859, ABC-CLIO Dei slo seg ofte ned i byar som London, Birmingham, Manchester, Bradford, Luton, Slough, Leicester og industribyane i Nord-England. Ved folketeljinga i 2011 utgjorde muslimar 5 % av innbyggjarane i England og Wales,

Hinduisme mini|BAPS Shri Swaminarayan Mandir London

Hinduar kom til England frå Britisk India frå 1800-talet, dei fleste som studentar. Ein del religiøse leiarar vitja landet, som Raja Ram Mohun Roy, som møtte kristne vener og kong William IV i 1829, reformatoren sir R.G. Bhandarkar i 1874 og Swami Vivekananda i 1895 og 1896.Romain Rolland (1997), The life of Vivekananda and the Universal Gospel (translated from the original French by E.F. Malcolm-Smith), s. 86, fifteenth impression published by Advaita Ashrama, Calcutta (first published in 1931). Yogien Paramahansa Yogananda vitja England i 1935 og 1936, og inspirerte til opprettinga av eit Self-Realization Fellowship Centre i London.

Etter det indiske sjølvstendet og delinga av Britisk India etter religiøse linjer kom fleire indarar til England som fabrikkarbeidarar og legar. Ei større gruppe hinduar kom til landet på 1970-talet, då asiatar med britiske samveldepass blei forviste frå Uganda under Idi Amin. Ei ny større gruppe kom på 1990-talet då hinduiske tamilar flykta hit frå Sri Lanka.

Ifølgje folketeljinga frå 2011 budde det 806 199 hinduar i England.2011 Census: Religion, local authorities in England and Wales: Table KS209EW Byane der det bur flest hinduar er London og Leicester.Minority religions mainly in London. National Statistics. Accessed 5 Jun 2006.