Sigurd Lybeck () var ein norsk småbrukar og forfattar frå Etnedal. Han vart landskjend som forfattar av bøkene og teikneseriane om Jens von Bustenskjold i Oladalen. Lybeck skreiv over 60 romanar og 300 noveller.

Om vintrane arbeidde Lybeck på dagtid i skogen, kveldane nytta han til skriving heime på Lybekk-bruket. Fyrste småstykka med forteljingar frå bygdemiljø fekk han prenta i lokalbladet Valdresen. I 1928 kjøpte han på Dokka eit nummer av Arbeidermagasinet og fekk deretter kontakt med Nils Johan Rud, redaktøren i Arbeidermagasinet. Serien om dei giftegalne kallane i Oladalen, med Jens von Bustenskjold sentralt i forteljingane om eit bygdesamfunn med særmerkte karakterar, kom over mange år. Historiene vart illustrert av teiknaren Anders Bjørgaard. Ut av Lybeck sine verk kom også filmkomedien Bustenskjold, med Leif Juster i hovudrolla.

Kjelder Norsk Allkunnebok. VIII. bandet. 1957

Kategori:Norske forfattarar Kategori:Norske forfattarar av folkelivsskildringar Kategori:Folk frå Etnedal