«There's a Place» er ein song skriven av John Lennon og Paul McCartney og først gjeven ut på debutalbumet til The Beatles, Please Please Me i 1963. Lennon og McCartney syng begge solovokal på songen, og George Harrison syng korvokal. I USA vart songen gjeven ut på Introducing... The Beatles (Vee-Jay Records) og som B-sida til «Twist and Shout».
Opphav Tittelen var inspirert av Leonard Bernstein og Stephen Sondheim sin «Somewhere» frå West Side Story, som inneheld linja: «There's a place for us». McCartney innrømde at han eigde albumet med musikken frå filmen då han skreiv «There's a Place» og at han var inspirert av denne. Songen vart skriven heime hos McCartney i Forthlin Road og vart spelt på konsertane til bandet i 1963. Songen vart spelt inn 11. februar 1963 i løpet av ti forsøk under den første av tre innspelingsdagar for Please Please Me. Seinare vart det lagt munnspel på innspelinga.
Medverkande John Lennon – vokal,The Beatles 10 Years that Shook the World book only credits Lennon as lead singer rytmegitar, munnspel Paul McCartney – vokal, bass George Harrison – sologitar, korvokal Ringo Starr – trommer
Lydteknikar var Norman Smith Personell perIan MacDonald
Andre versjonar Ein coverversjon vart gjeven ut av Flamin' Groovies. The Smithereens gav ut ein versjon av songen i 2008 på albumet deira, B-Sides The Beatles. Charly García spelte inn ein versjon for konsertalbumet Estaba en llamas Cuando Me Acosté (1995). Ein versjon vart gjeven ut av det amerikanske punkebandet The Dickies i 1998 på albumet deira, Dogs From the Hare that Bit Us. Gabrielle Aplin song ein verrsjon for BBC.
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «There's a Place» frå , den 10. mars 2018. oppgav desse kjeldene:
Bakgrunnsstoff The Beatles Ultimate Experience Database: Please Please Me
Kategori:The Beatles-songar Kategori:Songar produserte av George Martin Kategori:Songar skrivne av Lennon–McCartney Kategori:Songar frå 1963 Kategori:Tollie Records-singlar Kategori:Capitol Records-singlar Kategori:Flamin' Groovies-songar