Hollies Sing Dylan er eit coveralbum frå 1969 der The Hollies syng Bob Dylan-songar. Albumet kom ut i USA under namnet Words and Music by Bob Dylan med eit anna plateomslag, men same songar. Songen vart først gjeve ut på CD i Vest-Tyskland seint i 1980-åra, men kom ikkje ut i resten av Europa før i 1993. Då kom albumet med to bonusspor, singelversjonen av «Blowin' in the Wind» og eit konsertopptak av «The Times They Are a-Changin'». Ei seinare nymastra utgåve i 1999 hadde med eit tredje bonusspor: eit konsertopptak av «Blowin' in the Wind».

Albumet vart spelt inn og utgjeven etter Graham Nash forlet bandet for å byrje og spele med David Crosby og Stephen Stills i desember 1968 etter at eit forsøk på ein oppfølgjar til det psykedeliske konseptalbumet Butterfly gjekk skeis. Nash var frustrert over at bandet mislikte tekstane i dei nyaste songane hans. På denne tida var Nash den einaste som brukte LSD og marihuana og det oppstod eit skilje mellom han og resten av bandkollegaene som heldt seg til øl.

Nash mislikte raskt retninga til bandet og særleg avgjersla om å spele inn eit heilt album med coverlåtar:

Det er blitt hevda at albumet vart sterkt mislikt av både fans og kritikarar, men det selde godt og nådde tredjeplassen i Storbritannia, som var den nest høgaste plasseringa deira på denne lista. Likevel vart det neste albumet til gruppa kalla Hollies Sing Hollies for å blidgjere kritikarane. I eit intervju for Billboard i 1974 sa Clarke om albumet:

Dette er det første albumet med det nye medlemmet Terry Sylvester, som erstatta Nash.

Innhald

Medverkande I følgje plateomslaget. Bernard Calvert – bassgitar, piano, orgel, klaverinstrument Allan Clarke – vokal, munnspel Bobby Elliott – trommer, perkusjon Tony Hicks – vokal, sologitar, banjo Terry Sylvester – vokal, rytmegitar

Strykearrangemeng og dirigering på «Blowin' in the Wind» av Mike Vickers. All andre strykarar var arrangerte og dirigerte av Lew Warburton.

Kjelder Denne artikkelen bygger på «Hollies Sing Dylan» frå , den 22. mars 2018. oppgav desse kjeldene:

Kategori:Musikkalbum frå 1969 Kategori:The Hollies-album Kategori:Musikkalbum produserte av Ron Richards Kategori:Album spelte inn i Abbey Road Studios Kategori:Hyllestalbum til Bob Dylan Kategori:Parlophone-album