Vestre arktiske grenseområde er eit grenseområde underlagt Den russiske grensevakta med hovudkvarter i Murmansk. Grenseområdet vart stifta 1. april 2015. Ansvarsområdet strekker seg frå norskegrensa i vest til Tajmyr i aust, og omfattar hovudsakleg kystlinja og dei russiske øyane i Nordishavet.

Ansvarsområde Før skipinga hadde grenseområdet ei anna nemning, og anna inndeling. Det nye ansvarsområdet tek førstog fremst føre seg den 10 000 kilometer lange kystlinja og dei russiske øyane i Nordishavet. Oppgåva vert difor hovudsakleg handsama av den russiske kystvakta. Ansvaret for grensevakt på land frå Treriksrøysa til Grense Jakobselv vart overført til Karelen grenseområde i det som heiter Spesielle grenseområde i Murmansk oblast.

Frå 1. januar 2018 vart grenseområdet justert slik:ГАРАНТ.РУ: http://www.garant.ru/products/ipo/prime/doc/71659822/#ixzz5AbA4kNwN

Kovdor rajon og Kandalaksjskij rajon i Murmansk oblast Territoriell eining Petsjenga rajon innafor ei arealstripe inkludert kystlinja frå Varangerfjorden til vestsida av Petsjengafjorden, tettstaden Liinakhamari, men ikkje Grense Jakobselv, Høgde 503 Pisaritunturi og Petsjenga. Øyane utanfor Murmansk oblast, men ikkje øyane i Kvitsjøen. Arkhangelsk oblast, Nenets autonome okrug, Jamalo-Nenetsk autonome okrug og Krasnojarsk kraj

Hendingar I mai 2017 vart reketrålaren «Remøy» arrestert for ulovleg reketråling og ført til Murmansk, der mannskapet vart liggande i fleire vekerhttps://www.nrk.no/troms/norsk-traler-oppbrakt-1.6742341}}https://www.nordlys.no/fiskeri/russland/traler/russland-krever-90-millioner-i-kausjon-for-oppbrakt-norsk-traler/s/5-34-635664https://www.fisk.no/fiskeri/534-russland-oppbrakte-norsk-traler.html I juni 2017 vart trålaren «Omega» arrestert for tjuvfiske av kamtsjatkakrabbe i Barentshavet. Trålaren vart borda frå eit grensevkatskip og eit helikopter med SPETSNAZ-soldatar.

Referansar

Kjelder

https://www.vesti.ru/doc.html?id=3000195 http://zakupki.gov.ru/epz/organization/view/info.html?organizationCode=08491000029 https://regnum.ru/news/1890766.html http://nord-news.ru/news/2017/12/12/?newsid=98891 https://gov-murman.ru/info/news/198017/ https://www.korabel.ru/catalogue/company/pogranichnoe_upravlenie_federalnoy_sluzhby_bezopasnosti_rossiyskoy_federacii_po_zapadnomu_arkticheskomu_rayonu.html https://arhzan.ru/employer/detail/?companyId=577f9bbf-d833-4e91-9a42-192c88f720ff http://ps.fsb.ru/department.htm

Kategori:Den russiske riksgrensa Kategori:Den norsk-russiske riksgrensa