Blue & Lonesome er det 23. britiske og 25. amerikanske studioalbumet til The Rolling Stones, gjeve ut 2. desember 2016. Det var det første albumet til bandet med berre coverlåtar og det første studioalbumet deira sidan A Bigger Bang i 2005. Trass i den korte lengda på berre kring 43 minuttar, vart albumet gjeve ut som ein dobbel LP. «Just Your Fool», ein song av Buddy Johnson (basert på Little Walter sitt arrangement), kom ut som den første singelen frå albumet den 6. oktober. Eric Clapton spelar gitar på to songar.

Bakgrunn Blue & Lonesome vart spelt inn på berre tre dagar i desember 2015. I april 2016, under lanseringa av Rolling Stones sitt Exhibitionism, stadfesta bandet at det nye albumet deira skulle kome ut på hausten. Richards sa at albumet kom til å innehalde «mykje Chicago blues». Eric Clapton spelar gitar på to songar. Han spelte inn sitt eige album i same studioet då The Stones var der, og vart spurt om han ville spele på eit par spor. Albumet består berre av blues med songar av artistar som Howlin' Wolf og Little Walter.

Dette var det første albumet sidan Dirty Work (1986) der Jagger ikkje spelar gitar. På plateomslaget er han likevel avbilda med gitar. Det er òg det første albumet sidan It's Only Rock 'n Roll (1974) der Richards ikkje syng solovokal.

Marknadsføring Den 6. oktober 2016 endra Rolling Stones «tunge- og leppe»-logoen frå albumet Sticky Fingers frå raudt til blått.

Den 8. november 2016 gav Rolling Stones ut ein video for «Hate to See You Go».

Den 25. november 2016 gav dei ut ein avgrensa elektrisk blå 10" vinylsingel med «Ride 'Em on Down» i høve Record Store Day Black Friday 2016. Songen er ein versjon av Eddie Taylor sin «Ride 'Em on Down» frå 1955.

Den 1. desember 2016 gav dei ut ein video for «Ride 'Em on Down». Skodespelaren Kristen Stewart køyrer i videoen gjennom Los Angeles i ein blå 1968 Ford Mustang Fastback.

Mottaking

Albumet fekk særs positive meldingar då det kom. Den første veka selde det 106 000 eksemplar og nådde toppen av av UK Albums Chart, det nest høgaste salstalet for eit album i Storbritannia i 2016. Den 3. februar 2017 hadde albumet seld til platina, for sal over 300 000 eksemplar. Det debuterte òg på fjerdeplassen på Billboard 200 med 123 000 selde eksemplar. Innan 17. februar 2017 hadde albumet seld over 2 millionar eksemplar verda over.

Lovord Albumet vart kåra til årets album i 2017 under Jazz FM Awards. The Rolling Stones vann der òg prisen årets bluesartist.

Den 28. januar 2018 fekk Blue & Lonesome Grammyprisen for beste tradisjonelle bluesalbum.

Innhald

Medverkande Frå AllMusic.

The Rolling Stones Mick Jagger – vokal, munnspel Keith Richards – elektrisk gitar Ronnie Wood – elektrisk gitar Charlie Watts – trommer

Andre medverkande Eric Clapton – slidegitar ; elektrisk sologitar Darryl Jones – bass Matt Clifford – klaverinstrument Chuck Leavell – klaverinstrument Jim Keltner – perkusjon

Produksjon og teknisk Andy Cook – assisterande lydteknikar Jason Elliott – assisterande lydteknikar The Glimmer Twins – produsent Richard Havers – tekst i omslaget Stephen Marcussen – mastering Ron McMaster – mastering Krish Sharma – lydteknikar, miksing Pierre de Beauport - mannskapssjef Don McAulay - trommeteknikar Derrick Stockwell – assisterande lydteknikar Don Was – produsent

Salslister

Vekeslister Liste (2016) Plassering Argentinske Album (CAPIF) To view the chart position select 'Ventas físicas mensual', '2016' and 'December'. 1 French Albums (SNEP) 2 Japanese International Albums (Oricon) 1 Mexicanske album (AMPROFON) 18 Sørkoreanske album (Gaon) 73 Sørkoreanke internasjonale album (Gaon) 9

Singlar År Song Liste Position 2016 «Just Your Fool» UK Radio Airplay Top 10033 Billboard Triple A27 Billboard Rock Digital Songs28 Billboard Hot Rock Songs49 Billboard Blues Digital Songs1 Billboard Mexico Ingles Airplay28 «Hate to See You Go» UK Radio Airplay Top 10078 Billboard Blues Digital Songs1 «Ride 'Em on Down» Billboard Hot Singles Sales4 Billboard Hot Rock Songs20 Billboard Blues Digital Songs1

Andre songar År Song Liste Plassering 2016 «I Can't Quit You Baby» Billboard Blues Digital Songs2 «Blue and Lonesome» Billboard Blues Digital Songs4 «Little Rain» Billboard Blues Digital Songs5 «All of Your Love» Billboard Blues Digital Songs8 «Just Like I Treat You» Billboard Blues Digital Songs10 «Everybody Knows About My Good Thing» Billboard Blues Digital Songs11 «Commit a Crime» Billboard Blues Digital Songs15I

Årslister Liste (2016) Plassering Australske album (ARIA) 22 Austerrikske album (Ö3 Austria) 15 Belgiske album (Ultratop Flandern) 22 Belgiske album (Ultratop Vallonia) 22 Danske album (Hitlisten) 66 Nederlandske album (MegaCharts) 8 Tyske album (Official German Charts) 5 Italienske album (FIMI) 37 New Zealand Album (RMNZ) 28 Polske album (ZPAV) 30 Sveitstiske album (Schweizer Hitparade) 30 UK Albums (OCC) 17

Liste (2017) Plassering Australske album (ARIA) 62 Austerrikske album (Ö3 Austria) 35 Belgiske album (Ultratop Flandern) 23 Belgiske album (Ultratop Vallonia) 27 Kanadiske album (Billboard) 41 Nederlandske album (MegaCharts) 32 Tyske album (Offizielle Top 100) 71 New Zealand Albums (RMNZ) 37 Sveitsiske album (Schweizer Hitparade) 6 UK Albums (OCC) 97 US Billboard 200 111

Salstrofé

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Blue and Lonesome (The Rolling Stones album)» frå , den 30. mars 2018. oppgav desse kjeldene:

Kategori:Musikkalbum frå 2016 Kategori:Album produserte av Don Was Kategori:Album produserte av The Glimmer Twins Kategori:Engelske bluesalbum Kategori:Coveralbum Kategori:Polydor Records-album Kategori:Rolling Stones-album