Lyn Dobson er ein britisk musikar, kjend som jazzrock-fløytist og saksofonist. Han spelte med Georgie Fame and the Blue Flames og Manfred Mann i midten av 1960-åra, og så med Soft Machine og Keef Hartley, i tillegg til album av Nick Drake og John Martyn. Dobson spelte fløytesoloen på Manfred Mann sin «Pretty Flamingo».

Han gav ut eitt album, Jam Sandwich, på Fresh Air Records i 1974.

Etter 1970-åra har han arbeidd i teater, dans, drama, multimedia, musikklærar og musikkterapi.Allmusic biography I 1990-åra spelte Dobson inn to album med Third Ear Band.

Kjelder Denne artikkelen bygger på «Lyn Dobson» frå , den 2. april 2018. oppgav desse kjeldene:

Kategori:Britiske jazzsaksofonistar Kategori:Britiske jazzfløytistar Kategori:Britiske rockefløytistar Kategori:Britiske studiomusikarar Kategori:Britiske folkrockmusikarar