«Don't Sleep in the Subway» er ein song skriven av Tony Hatch og Jackie Trent og spelt inn av Petula Clark. Songen vart gjeven ut på singel i april 1967.

Songen vart nominert til Grammy-prisen i 1968 for beste moderne song, men tapte for «Up, Up and Away» av The 5th Dimension.

«Don't Sleep in the Subway» nådde femteplassen på den amerikanske singellista i juli 1967 og vart den siste singelen til CLark som nådde topp 10 i USA og den andre som nådde toppen av Billboard Easy Listening-lista, etter «I Couldn't Live Without Your Love». I Storbritannia nådde singelen 12. plassen.

Songen er òg blitt spelt inn av Betty Chung, Marilyn Maye, Matt Monro, Patti Page, Frank Sinatra, Caterina Valente og Mari Wilson. Ei spansk utgåve kalla «No duermas en el metro», vart spelt inn av både Gelu og Los Stop. Siw Malmkvist spelte ei svensk utgåve kalla «Sov inte på tunnelbanan» i 1970.

Salslister Liste (1967)PlasseringAustralia1Canada5Den tyske singellista16New Zealand Singles Chart7Sør-Afrika10UK Singles Chart12US Billboard Hot 1005US Billboard Easy Listening1

Kjelder Denne artikkelen bygger på «Don't Sleep in the Subway» frå , den 3. april 2018. oppgav desse kjeldene:

Bakgrunnsstoff

Kategori:Petula Clark-songar Kategori:Songar frå 1967 Kategori:Singlar frå 1967 Kategori:Songar skrivne av Tony Hatch Kategori:Songar på toppen av Billboard Adult Contemporary-lista Kategori:Nummer-ein-singlar i Australia Kategori:Songar skrivne av Jackie Trent Kategori:Songar produserte av Tony Hatch Kategori:Pye Records-singlar