Delta-klasse ubåt er ei nemning på fire fartøyklasser av ubåtar frå den russiske (og tidlegare sovjetiske) marinen.

Desse strategiske ubåtklassane vart bygde av Sovjetunionen under den kalde krigen. Delta-klassene er i regelen bestykka med ubåtmissil (SLBM), som framleis er russiske andreslagvåpen.

Prosjekt 667B Murena (Delta I) mini|Ubåt av Murena-klassen. Utviklinga av Projekt 667B Murena byrja i 1965, då Sovjetunionen ville ha ein ubåt som kunne avfyre missil utan å passere SOSUS-feltet i Atlanterhavet.

Prosjekt 667BD Murena-M (Delta II) mini|Murena-M Murena-M-klassen var ei vidareutvikling av Murena-klassen. Murena-M bygde på same skrogdesign som Murena, med ein viss skilnad. Mellom anna hadde ein auka lengda på ubåten med 16 meter for å få plass til fire missilrøyr til.

Prosjekt 667BDR Kalmar (Delta III)

mini|Ein ubåt av Kalmar-klassen. Kalmar-klassen var eit stort steg fram for den sovjetiske stridsmakta. Dette var den første ubåten som kunne avfyra alla missila på ein gong. Desse missila var òg dei første til å bere meir enn eit stridshovud (MIRV).

Prosjekt 667BDRM Delfin (Delta IV)

mini|Ubåt frå Delta-IV-klassen som også blir kalla «Prosjekt 667BDRM Delfin». Delta IV-klasse ubåt er den fjerde og siste av Delta-klassen. Utviklinga starta seint på 1970-talet, og i åra 1985–1992 var sju stykker levert til sovjetmarinen. Denne hadde ei ny type propell med fem blad og kunne fara stillare fram under vassflata.

Sjå òg Liste over atomubåtar i teneste Liste over atomubåtar Tapte russiske eller sovjetiske ubåtar Russiske marinefartøy i aktiv teneste

Kjelder

Warfare.ru Globalsecurity.com Denne artikkelen bygger på «Delta-klass» frå , den 5. april 2018.

Kategori:Russiske ubåtar Kategori:Sovjetiske ubåtar Kategori:Ubåtklassar Kategori:Ubåtar med atomreaktor