Eklektisisme i musikk kan visa til den medvitne bruken av stilar frå ei anna tid eller ein annan stil enn det som ligg naturleg for komponisten. Omgrepet kan også brukast nedsetjande om musikk der komponisten nyttar andre modellar som følgje av sin eigen manglande originalitet.
Eklektisisme kan også brukast om musikk der komponisten kombinerer mange ulike stilar, som ved å bruka ein heiltonevariant av ein pentatonisk folkesong over kromatisk kontrapunkt. Ein kan også uttrykka eklektisisme gjennom å «sitera» andre komposisjonar eller variasjonar over dei.
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Eclecticism in music» frå , den 16. april 2018.
Kategori:Musikalske teknikkar