Majnoon er ei øy sør i Irak nær Al-Qurnah og er eit senter for oljeproduksjon i Majnoon-feltet. Området vart utbygd av sanddyner og slam for å skape vegar for oljerøyrleidningane.
Før Gulfkrigen passerte om lag ein sjettedel av oljeproduksjonen til Irak, kring 7 millionar fat per dag, over denne øya. Produksjonen tok seg raskt opp att etter kampar her under Iran-Irak-krigen, særleg operasjon Kheibar i 1984. Men etter sanksjonar frå Dei sameinte nasjonane og Irak-krigen i 2003, er produksjonen redusert til 46 000 fat per dag.
I desember 2009 gav dei irakiske styresmaktene ein lisens til eit prosjektsamarbeid mellom Royal Dutch Shell og Petronas om å ta over som operatør på Majnoon-feltet, og produksjonen vart auka til 13 millionar fat per dag.
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Majnoon Island» frå , den 23. april 2018. oppgav desse kjeldene: The Longest War, by Dilip Hiro, Routledge Chapman & Hall, Inc., 1991. (pg. 103)
Kategori:Øyar i Irak