«Mirror of Love» er ein song av The Kinks frå albumet Preservation Act 2 i 1974. Han var skriven av Ray Davies og gjeven ut som den første singelen frå albumet. Først kom singelen berre ut i Storbrtannia, men ein nyinnspelt versjon kom ut på singel i både Amerika og Storbritannia.
Tekst og musikk
«Mirror of Love» vart spelt inn som ein New Orleans-jazz, der Ray Davies sjølv spelar dei fleste instrumenta (gitar, piano og trommer), medan broren Dave Davies spelar mandoling og andre musikarar er på blåsarar. Davies syng om ein av karakterane frå soga på albumet. Her er det om Belle, som er kjærasten til Falsh (hovudrolla i soga).
Bandversjonen
Sjølv om den originale albumversjonen vart gjeven ut på singel i Storbritannia, vart han spelt inn på ny med resten av bandet for singelutgåva i USA. Singelen selde dårleg. Denne versjonen kom sidan ut som eit bonusspor på Velvel-utgåva av Preservation Act 2.
Kjelder Denne artikkelen bygger på «Mirror of Love» frå , den 24. april 2018. oppgav desse kjeldene:
Kategori:The Kinks-songar Kategori:Songar frå 1974 Kategori:Singlar frå 1974 Kategori:Songar skrivne av Ray Davies Kategori:Songar produserte av Ray Davies Kategori:RCA Records-singlar