«Do It Again» er ein song av det engelske rockebandet The Kinks, skriven av Ray Davies for albumet Word of Mouth. Songen vart gjeven ut på singel etter albumet kom ut.

Songen omhandlar dei stressande tilhøva Davies kjende på med å lage nok eit album. Musikalsk er songen i den same gitardrivne stilen som dei andre på albumet og opnar med ein gitarakkord og vokal med ekko.

Singelen kom ut i både USA og Storbritannia og fekk ein viss suksess i USA og nådde 41. plassen på Hot 100-lista der og fjerdeplassen på Mainstream Rock Tracks-lista. I Canada nådde han 91. plassen.

Det vart laga ein musikkvideo til songen regissert av Julien Temple med den tidlegare Kinks-trommeslagaren Mick Avory.

Kjelder Denne artikkelen bygger på «Do It Again (The Kinks song)» frå , den 28. april 2018.

Kategori:The Kinks-songar Kategori:Singlar frå 1984 Kategori:Songar skrivne av Ray Davies Kategori:Songar produserte av Ray Davies Kategori:Songar frå 1984 Kategori:Arista Records-singlar Kategori:Musikkvideoar regisserte av Julien Temple