«Because» er ein song av The Dave Clark Five spelt inn i 1964 frå albumet American Tour. Songen vart opphavleg gjeven ut som B-side til «Can't You See That She's Mine» i Storbritannia, «Because» vart gjeven ut på singel i USA og nådde tredjeplassen på Billboard Hot 100-lista. Julian Lennon gav ut ein versjon av songen som nådde 40. plassen på UK Singles Chart i 1985.
Singelen var den femte singlen deira i USA som selde meir enn éin million eksemplar. I Canada nådde songen tredjeplassen på RPM-lista.
Andre versjonar The Supremes spelte inn ein versjon av «Because» på albumet A Bit of Liverpool (1964), eit album med musikk frå den britiske bølgja. Julian Lennon spelte inn songen for musikken til Dave Clark-musikalen Time. Han kom ut på singel i 1985 og nådde då 40. plassen på UK Singles Chart, og 8. plaslsen på den belgiske singellista.
Salslister
Vekeslister Liste (1964)PlasseringCanadian Singles Chart3New Zealand (Lever)Flavour of New Zealand, 17. september 19643US Billboard Hot 1003US Cash Box Top 1007
Årslister Liste (1964)PasseringUS Billboard Hot 100 64
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Because (The Dave Clark Five song)» frå , den 29. april 2018. oppgav desse kjeldene:
Kategori:Songar frå 1964 Kategori:Singlar frå 1964 Kategori:The Dave Clark Five-songar Kategori:Columbia Graphophone Company-singlar Kategori:Capitol Records-singlar Kategori:Epic Records-singlar Kategori:Songar skrivne av Dave Clark Kategori:The Supremes-songar Kategori:Julian Lennon-songar Kategori:Ray Conniff-songar