The Kingsmen on Campus er det fjerde studioalbumet til garasjerockbandet The Kingsmen, utgjeve i 1965.

Utgjeving og mottaking

Albumet inneheldt to singlar, «The Climb» (#65) og «Annie Fanny (#47), i tillegg til fleire R&B-klassikarar, ein versjon av The Beatles sin «A Hard Day's Night» og to songar av Lynn Easton. Albumet gjekk inn på Billboard Top LPs den 30. oktober 1965 og låg på lista i 17 veker, og nådde 68. plassen.

Som på dei førre albuma vart det lagt på publikumslydar for å gje inntrykk av at det var konsertopptak. Albumet kom ut i både mono og stereo. I 1994 gav Sundazed og Bear Family ut albumet på CD med bonusspora «Get Out Of My Life Woman», «Don't Say No» og «My Wife Can't Cook», alle tidlegare berre utgjevne på singlar. I tillegg var publikumslydane fjerna frå alle spora.

Innhald

Salslister Liste (1965)PlasseringU.S. Billboard Top LPs68

Medverkande Lynn Easton: vokal, saksofon Mike Mitchell: vokal, sologitar Barry Curtis: orgel Norm Sundholm: bassgitar Dick Peterson: trommer

Teknisk Produsent: Jerry Dennon Arrangør: Lynn Easton og The Kingsmen Lydteknikar: Kearney Barton Studio: Audio Recording i Seattle i Washington

Kjelder Denne artikkelen bygger på «The Kingsmen on Campus» frå , den 1. mai 2018. oppgav desse kjeldene:

Kategori:Musikkalbum frå 1965 Kategori:The Kingsmen-album