Alexander Cyril Stepney () er ein engelsk tidlegare fotballspelar frå London. Han var målvakt i Manchester United i over ti år og vart ligameister 1967, vinnar av europacupen i 1968 og FA-cupen 1977 med Manchester-klubben.

Klubbspel Stepney vakta målet til 2. divisjonsklubben Millwall FC frå 1963 til -66. I mai 1966 vart han overført til Chelsea FC, men allereie tre månader seinare overført til Manchester United, ein klubb han tente dei neste tolv åra. I sin fyrste sesong som burvaktar for United var han med å vinne den engelske ligaen. Året etter stod Manchester United for ei historisk bragd då laget vart det fyrste engelske som gjekk til topps i europacupen, då Benfica vart slått 4-1 på Wembley stadion i heimbyen til Stepney. Både i 1976 og 1977 var Stepney sisteskansen til United i FA-cupfinale, den fyrste enda med eit overraskande tap for Southampton, den andre med triumf mot Liverpool FC.

Landslagsspel Ei veke før europacupfinalen i 1968 stod Stepney i mål for England mot Sverige i ein vennskapslandskamp på Wembley stadion. Hans einaste opptreden i landslagdrakta enda med siger 2-0.

Merittar Vinnar av Europacupen: 1968 med Manchester United Engelsk ligameister: 1967 med Manchester United Vinnar av FA-cupen: 1977 med Manchester United Finalist i FA-cupen: 1976 med Manchester United

Kjelder Denne artikkelen bygger på «Alex Stepney» frå , den 6. mai 2018.

eu-football

Kategori:Engelske fotballspelarar Kategori:Manchester United-spelarar Kategori:Millwall-spelarar Kategori:Folk frå London Kategori:Spelarar i Fotball-EM 1968 Kategori:Spelarar i Fotball-VM 1970